DSL+ har fått logo!

Nora Syvertsen, som studerer Visuelle kunstfag ved HSN, Notodden, har den siste månaden arbeidd fram det visuelle varemerket som både skal fungere som appikon og som kjenneleg symbol for prosjektet DSL+.
 

Prosessen fram til ferdig resultat har vore spennande, utviklande og lærerik for alle partar. I arbeidet med å finne fram til korleis prosjektet ser ut visuelt, har me også måtte synleggjer og konkretisere kva som er høgdepunkta i vårt arbeid og det viktigaste for prosjektet å assosierast med.


Prosjektgruppas padlet, 9. mars 2016

Eit samla visuelt uttrykk for DSL+-prosjektet
Arbeidet starta difor med nokre sentrale spørsmål om kven me er og kva me vil i prosjektet. Er det samhandling mellom lærar/ barn som er viktig? Er det Down Syndrom? Er det nettbrett/ applikasjon? Er det språkstimmulering? Er det resultatet prosjektet fører til, eller er det prosessen ein ønskjer å assosierast med?

For å effektivt kunne samle alle tankar og ideane gruppa satt med, oppretta me ein myldrestad på nett i form av ein Padlet.

Logoen tar form
Ein logo skal representere føretaket i ein så konsis og konsentrert form som mogleg og den skal fungere på mange ulike områder. Den bør være lettlest, lett å kjenne att, kunne brukas både i svart-kvitt og farger, som stor og liten. Ein bør tenke gjennom farge- og formbruk og halde seg til dei utvalte få, slik at desse både på lang og kort avstand fungerer som tydelege visuelle signaler.

Som det kjem fram frå padleten var tankane mange, men likevel ganske samla. Neste steg i prosessen var å finne fram til dei mest sentrale omgrepa som skulle dekke det me alle kunne einast om. Me kikka dessutan på logoar for ulike prosjekt som har tilsvarande visuelle utfordringar som oss, dvs å knytte saman ulike innhald og retningar til eit samlande visuelt symbol.


Idèmyldring - logoforslag - fyrste fase, 16. mars 2016, av Nora Syvertsen

I DSL+-prosjektet er det i tillegg allereie etablert fleire visuelle uttrykk, både i dei 40 bildebøkene som er utført i ei mengde ulike teknikkar, samt applikasjonen for vokabulartrening. Me treng difor ein logo som fungerer saman med ulike uttrykk. Logoen bør ikkje ta for seg eit enkelt element, eit ansikt, utdrag frå ei bok, eller visuelle element frå oppgåvene i vokabulartreningsdelen, men snarare representere heilskapen for heile programmet gjennom nokre samlande former. Samtidig bør den spele på det som er felles for alle elementa i bildebøkene, applikasjonen og prosjektet, som at illustrasjonar og symbol er tydelege i kontur, i farge og med reine og heile flater.  

Mot eit meir barnleg uttrykk
Logoforslag 18. mars 2016, av Nora Syvertsen



Utifrå dei fyrste teikna, og slik konkretiserte, forslaga frå Nora, vart det tydeleg og synleg korleis ein logo kunne sjå ut for prosjektet. Det vart også enklare å diskutere fram løysingar og nye forslag når me hadde noko visuelt som utgangspunkt. Mellom anna vart det trekt fram at målgrupppa for prosjektets produkt, nemleg barn ned i 2-3 års alder, også var den viktigaste målgruppa for logoen. Logoen bør difor ha eit barnleg uttrykk. Samtidig skal den også forhalde seg til eit vaksent publikum og representere eit mangefasetert forskingsprosjekt.

I dei fyrste skissene for logo vart det også halde fram at prosjektets fremste mål er å dynamisk bygge opp og stable kunnskap stein for stein, slik Nora har illustrert det med fleire ulike og ujamne strekar (nedst til høgre i bildet over) oppå kvarandre. Desse strekane kan også lesast som ord på ein iPad-skjerm. Denne idèen vart spelt vidare eit stykke, og sjølv om ein etterkvart gjekk bort ifrå denne logo-retninga, er det like vel eit fint bilde på DSL+-prosjektet.

Valt logoretning
Etterkvart gjekk ei samla prosjektgruppe for logoforslaget som inkluderte både den vaksne og barnet, eit kvadratforma symbol som kan lesast som skjerm/ nettbrett, men også som den støtta DSL+-prosjektet gir med sitt omfattande program for vokabulartrening. Plasseringa av desse elementa (i kryss over kvarandre) kan og lesast som plussteiknet og bokstaven L -i prosjektets namn. 

Det vidare arbeidet gjekk ut på finjustering av storleik og plassering av elementa i riktig tilhøve, samt val av farge. Gul er ein energisk, aktiv og ung farge. Nora har valt ein varm variant som også inkluderer og støttar i sitt uttrykk


Logovarianter, 31. mars 2016, av Nora Syvertsen

Val av font, storleik og plassering
Siste del av logoarbeidet var val av font, og storleik, farge og plassering av denne. Plassering i nedre høgre hjørne er naturleg. For vår logo var det ei utfordring å få teksten til å balansere og ha nok tyngde til at det veier opp logoen og skeivheita i den.

Samtidig skal ein også passe på at teksten ikkje blir for liten og uleselig. Også bør teksten i form og uttrykk tydeleg ha ein samanheng med resten av logoen. Noko av grunnen til at det siste er litt vanskeleg i vår logo er at menneskja kan assosierast med bokstaven i, dermed blir den visuelt konkurrererande med andre fontar. Det vart difor viktig å finne ein font som i linjetjukkleik og form er ganske lik og ikkje så utprega.

Og endeleg, etter ein grundig og god prosess, kan DSL+-prosjektet gratulerast med eigen logo!











Ein stor takk til formgivar Nora Syvertsen, for formidabel innsatts i arbeidet med å gi DSL+-prosjektet sin logo form!

The National Conference on Down Syndrome/Landskonferansen om Down syndrom


The next three days the DSL+-project will be attending the National Conference on Down Syndrome. This year the conference is held in Oslo, at Scandic Hotel Fornebu. 


During these three days individuals with Down syndrome, their family members and practitioners are able to attend talks with a wide spread of topics. Several of the talks are focusing on language and communication in Down syndrome and we are really looking forward to be attending as many of these talks as possible.

In addition to being an opportunity to gain new knowledge we think this is a nice opportunity to come together and share experiences. First and foremost for the families and the practitioners working with children, youth and adults with Down syndrome, but also for us as a research team. For the DSL+-project the national conference is a great opportunity to give information about our work and get valuable feedback from booth parents and practitioners.


For våre norske lesere:


Under kan dere lese innholdet i informasjonsbrosjyren vi har utarbeidet i anledning Landskonferansen.



Mest lest