Gå til hovedinnhold

Skriveseminar på Santorini 13. - 20. april 2015



Samskriving på taket i Finika
Nydelige dagar på øya Thira - Santorini i Hellas. Øya er den største i ei sirkelforma øygruppe danna av levningar etter eit vulkansk krater. 

I skrivande stund sit me på flyet heim og tenker på summen av intrykk frå turen: lange, konsentrerte dagar, kvite og blanke som nye innbydande teikneark.  Det har vore ei arbeidsam, men samtidig roleg veke på den måten at opphaldet har gjort det mogeleg å ha fullt fokus berre på oppgåvene knytt til prosjektet. For to småbarnsmødrer, som i heimen sjeldan får tenkt ferdig ei heil setning og på jobb sjonglerer merksemda på fleire prosjekt samtidig, har desse dagane vore kjærkomne.

Frå Santorini sin høgaste topp Profitis Elias på 956 m
Me byrja opphaldet med workshop knytt til oppstart av artikkelskriving. Prosjektleiar Kari-Anne haldt ein innleiande presentasjon om korleis å skrive akademisk artikkel. Ho gav vidare ei innføring i korleis me skulle gå laus på det innsamla materialet frå litteratursøket som vart utført i forkant av turen. Vidare presenterte alle deltakarane sitt påbyrja artikkelmateriale, og gruppa gav tilbakemelding og tips for vidare arbeid. Me sette i gong med å finne fram til aktuelle kriterier for skanning av abstracts.

Samstundes fann me det nødvendig å byrje arbeidet med innleiinga til dei to fyrste planlagde artiklane i vår del av prosjektet. Dette for å definere feltet og få ei oversikt over materiale, samt finne forma på strukturen i denne delen av artikkelen. Vårt faglege fokus vil i fyrste omgang dreie seg om å finne fram til kriterier for god bruk av bildet i bildebok og i bildebokapplikasjonar.

Gjengen: frå v. bak Lovise, Ingrid, Silje, Anne Grethe,
frå v. framme: Kari-Anne og Liz

Under opphaldet vart det fleire gonger påpeikt at samspelet i gruppa fungerer svært godt. Det kjem truleg av at den består av berre fine folk;-) Tryggleik i gruppa legg eit godt grunnlag for god dialog og meiningsutveksling. Dessutan er det laga ein god struktur for hyppige møter og deling av materiale slik at den enkeltets kompetanse kjem dei ulike kollektive prosessane og prosjekta til gode.

Me var så heldige å ha vår eigen engelskspråklege akademikar frå Universitetet i Bristol med oss, Liz. Når ein skal i gong med sin fyrste akademiske artikkel og den skal skrivast på engelsk, var det svært godt å få hjelp til å finne dei presise orda som uttrykte akkurat det me ønskja å formidle.

Det vart mange timer med skanning av abstracts. Å gå igjennom ca. 2000 abstracts kan vise seg å ta litt tid, men under ein solhatt går det meste greitt. Dei siste dagane vart det fleire diskusjonar om bruk av faglege omgrep, brukt i dei aktuelle abstracts. Me opplev at metoden er ein god veg å jobbe seg inn i eige fagområde på.

Den siste dagen summerte me arbeidet som var gjort og Kari-Anne gav oss ein prat om vegen vidare.

Etter slike gode og konstruktive dagar ønskjer ein berre fleire. Den siste delen av opphaldet fann me ut at me ville søke IU-midlar frå Høgskulen i Telemark internt til eit nytt skriveseminar. Denne gongen vil me reise til Universitetet i Bristol der vår gode samarbeidspartnarar Liz har sin arbeidsplass. Me håpar at søknaden vil gje resultat. Enn så lenge lev me på den gode driven me har komme inn i etter ei veke på det vulkanske krateret Thira - Santorini.

Vulkansk strand nær Pyrgos



Lovise og Ingrid
Thira - Santorini, Hellas 20. April 2015 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Rekruttering av DSL+-deltakere skoleåret 2017-2018

Har du et barn med Down syndrom som skal begynne i 1. klasse til høsten?

Vi ønsker deltakere til DSL+-studien


Hva er DSL+
DSL+ er et språkstimulerende tiltak som er utviklet på bakgrunn av forskningsbasert kunnskap om hvilke språklige utfordringer barn med Down syndrom ofte erfarer, og hvordan denne elevgruppen lærer best. Tiltaket inneholder to apper med digitale bildebøker og tilhørende oppgaver som er ment å motivere 1.klassinger med Down syndrom og deres medelever til daglige økter med språklige læringsaktiviteter.

DSL+ er ment for alle barn med Down syndrom uavhengig av barnets talespråklige ferdigheter.
Hvem kan delta?
Førsteklassinger med Down syndrom som starter på skolen høsten 2017 kan delta. Barnet og minst en av foreldrene må ha norsk som hovedspråk. Barnet kan ikke ha tilleggsdiagnoser som f.eks. autisme.
Om prosjektet
Barna og deres skole blir tilfeldig fordelt i to grupper. Den ene starter med tiltaket ved oppstart av skoleåret, og den andre starter over jul. Barna blir k…

21st March - World Down Syndrome Day

March 21st has been marked by those engaged in spreading awareness about Down syndrome since2006. The date refers to the third 21st chromosome in Down syndrome (trisomy 21). In 2011 the United Nations (UN) officially declared the day to be World Down Syndrome Day (UN-downsyndromeday). This is a dedicated day for celebrating diversity, as well as spreading awareness about Down syndrome which is the most prevalent single cause of intellectual disability.






There are a range of efforts made to promote and celebrate diversity on Down syndrome awareness day, such as the lots-of-sockscampaign, the Norwegian dagsverk for down which is a national campaign encouraging people to do/donate a days work for Down syndrome, and the ‘how do you see me?’ campaign. Olivia Wilde took part in a video for the how do you see me campaign (see link above), which aims to address people’s perspectives of individuals with Down syndrome.









The DSL+-project`s contribution this year was a news story on Norwegian radio …

Congratulations to Liv Inger!

This month Liv Inger Engevik (Post doctoral researcher in the DSL+-project) got her last article from her PhD research project accepted.
Here you can read the abstracts of her articles:





Research article published in Early Childhood Research Quarterly, Volume 30,
Part A, 1st Quarter 2015, Pages 140-151
Re-conceptualizing “Directiveness” in Educational Dialogues:

A Contrastive Study of Interactions in Preschool and Special Education


Liv Inger Engevik, Silje Hølland, and Bente E. Hagtvet
Dept. of Special Needs Education, University of Oslo


Abstract This study investigated the role of teacher directiveness in educational dialogues as it relates to several types of dyads and child engagement. The effect of directive teacher behavior, such as the use of instructions and commands, on children’s engagement and learning is a controversial matter in the field of educational research. Two types of dyads were examined: typically developing children and their preschool teachers (PreschDyads) and …